Bedriftsbesøk hjå DNB

dnb_logo_glimt

Eit vellykka og svært inspirerande besøk hjå Noregs største bank.

”Hurra, UiO er her” var overskrifta som møtte nærare 30 kultur og kommunikasjon-studentar då dei troppa opp på DNB sitt kontor i Kirkegata 21 16.april.

I løpet av ein drøy time fekk me innføring i ulike deler av kommunikasjonsarbeidet som vert gjort i bedrifta, samt mogelegheita til å få svar på spørsmål angåande dette og mogelege arbeidsoppgåver ein kulkom’ar kan vere skikka for.

Thomas Midteide, informasjonsdirektør i DNB med bakgrunn frå mellom anna statsvitenskap på Blindern, la vekt på verdien av å ha eit klart mål og ein strukturert framgangsmåte i arbeidet med eksternkommunikasjon. Gjennom å fokus på prioritering og posisjon oppnår ein større kommunikasjonskraft, noko DNB har merka resultata av gjennom kampanjen ”BSU 2.0”.

Eirill Holtvedt leiar arbeidet med internkommunikasjon i DNB, ei omfattande og viktig stilling i ei så stor bedrift. Blant fokusområda internt er massekommunikasjon, kommunikasjon mellom leiar og medarbeidar, leiarkommunikasjon og bruk av sosiale media. Dette er tiltak satt i gang for å betre bedriftskulturen og bygge opp under kjerneverdiane i bedrifta.

Den siste presentasjonen omhandla arbeidet DNB eksternt gjer for å vere synleg i markedet. Markedssjef Kjetil Botten Skogly fortalte om kommunikasjonskonseptet ”Bank frå A til Å” og korleis dei aktivt jobbar ut mot målgruppa for å bygge opp under dette.

Kva må til for å verte ein interessant jobbsøkar hjå DNB?

Kombinasjonen av kommunikasjons- og forretningsforståing, samt erfaring er viktig for å gje eit godt inntrykk når ein søker jobb hjå DNB. Samstundes legg dei vekt på kreativitet, engasjement og ei positiv haldning – ein lyt vise at ein tenkjer framover!

Me i PU takkar alle oppmøtte for at dei tok turen og håpar at dei hadde det like kjekt som oss. Bedriftsbesøk lyt me få til meir av!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Basic HTML is allowed. Your email address will not be published.

Subscribe to this comment feed via RSS

%d bloggere like this: