På fredag den 28.Oktober møtte me opp ein liten gjeng på Youngstorget for bedriftsvitjing hjå Rodeo Arkitektar. Me blei godt tatt i mot av tidlegare sosiologistudent ved UiO, Kenneth Dahlgren. Me hadde ikkje meir enn kome inn døra før Dahlgren utfordrar vår samfunnsvitskaplege kompetanse i eit lite eksperiment. Me fekk i oppgåve å peika ut dei to av hans kollegar i rommet som ikkje var arkitektar.
Eit arkitektfirma er kanskje ikkje det folk umiddelbart tenkjer på som ein kulkommar sin framtidige arbeidsplass, men Rodeo arkitektar vektlegg tverrfaglegheit når dei utviklar prosjekter. Utan dei menneska som me på kulkom studerer, ville ikkje arkitektane hatt nokon å utvikla prosjekt for. For det er nemleg mennesket som står i sentrum, noko Dahlgren understrekte fleire gonger, og difor er vår kompetanse nyttig i utvikling av arkitektoniske prosjekt. Når ein skal utvikla eit prosjekt er det viktig for Rodeo arkitektar at ein ikkje berre skal laga noko som ser fint ut, men at det òg skal vera utforma i takt med dei ulike menneskegruppene som skal ta i bruk området.
Arkitektfirmaet har eit ganske unikt og tett samarbeid mellom samfunnsvitarar og arkitektar i arbeid med alt frå store prosjekt innan byplanlegging til mindre arbeidsoppdrag. Samfunnsvitarane vil då ha hovudansvaret for utgreiingsarbeidet som går føre seg i forkant av teikning og utbygging. Gjennom for eksempel observering, intervju og analyse kan ein kartlegga kven som skal ta i bruk eit område, bygg eller liknande, og kva behov dei har.
Som ein smakebit på korleis dette går føre seg, og for å tenkje over korleis vår kompetanse er relevant, sendte Dahlgren oss ut på eit lite feltarbeid. I grupper på 3 og 3 måtte me nytta vår kompetanse for å kartlegga arkitektoniske utfordringar og moglegheiter i nærleiken. Idear om sykkelstiløysing, korleis skapa miljø på Youngstorget og løysningar for offentlege toalett i sentrum vart pitcha og diskutert saman med Dahlgren.
Er du interessert i kva prosjekt Rodeo Arkitektar har drive med og driv med for tida, eller berre å lesa litt meir om firmaet – sjekk ut heimesidene deira på http://www.rodeo-arkitekter.no/
Hege Reime og Kari Lisa Eide